"Hauge Junior" er ein Ålesundsbåt som har vore eigd av Even Hauge. Den knapt 28 meter lange garnbåten tilhører den største gruppa kystbåtar, og er fullstrukturert.

– Vi planlegg å bygge ein ny båt og treng å styrkje kvotegrunnlaget, seier dagleg leiar i Nordic Wildfish , Tore Roaldsnes.

Inn i kyst

Dette er andre gong det siste året at trålerrederiet Nordic Wildfish kjøper båtar som tilhøyrer kystgruppa. Rederiet på Valderøya sikra seg i fjor kvotane frå «Stålegg» også.

– Det er nesten ikkje tilgjengelege kvotar i trålgruppa, og det som er det er for dyrt. Difor har vi sett etter mulegheiter andre stader, seier Tore Roaldsnes.

Nybygg på gang

Tradisjonelt har det vore tette skott mellom dei ulike fartøygruppene i norske fiskeri, med små mulegheiter for å flytte kvoter frå den eine gruppa til den andre. Men regelverket er i ferd med å bli meir fleksibelt, mellom anna fordi lengdeavgrensingane i er opphava.

– På sikt ønskjer Nordic Wildfish å byggje ein båt som kan kombinere ulike reiskap som snurrevad, seitrål og reketrål. Dette blir ein båt innan for regelverket til kystgruppa , seier Tore Roaldsnes.

– Kva betalte du?

– Det er partane einige om å ikkje offentleggjere, seier Roaldsnes.

"Hauge Junior" ligg for tida ved kai i Ålesund, og vil med det første endre namn til "Blomvik"