Eigedomsutviklar, sentrumsentusiast og sentrumsoppryddar i Ørsta, Lars Oscar Fossen Øvstegård, trur ikkje det han høyrer. I ei ny bok vert sentrumsløysingane til 34 ulike stader og byar i Norge slakta og hylla. Fire tettstader får terningkast ein, Ørsta er ein av dei.

– Ørsta er minst ein firar på terningen. Det har skjedd mykje bra i sentrum, spesielt dei to siste åra. Med alt som er på gang i sentrumsområda kan vi kome oss opp på ein femmar innan kort tid. Ikkje ein gong for 20 år sidan var Ørsta ein einar, og tenk på korleis det såg ut i sentrum då.

Øvstegård meiner det som står om heimbygda hans i boka er svært urettferdig, og synest det er beklageleg at det er heile to år sidan forfattaren var i Ørsta – like før sentrumsopprustinga starta i mai 2015.

Bakgrunn: Terningkast én til Ørsta

– Mindre folk utan Amfi i Ørsta

Forfattar Ronny Spaans har reist rundt for å vurdere kva kjøpesentera har gjort med norske bysentrum. I boka «Kjøpesenterlandet» som kjem ut i mars, gir han terningkast til kvar stad han har besøkt. Spaans gir kjøpesenteret Amfi i Ørsta skulda for at det er folketomt i gågata, og fortel at han har gitt karakterar etter ei heilskapsvurdering av m.a. estetikk og liv i sentrum.

– Folk kan no seie kva dei vil om senteret, men utan satsinga til Amfi hadde det ikkje kome så mykje folk til Ørsta sentrum. Fleire etableringar elles i sentrum har kome til på grunn av kjøpesenteret. Og så har vi hamneparken og hamna, og nærleiken til sjø og fjell. Ørsta sentrum er eit samansett bilde og totalen gjer at Ørsta er mykje meir enn ein einar – det terningkastet er ein total skivebom, synest Lars Oscar Fossen Øvstegård.

Utsåanden er ein bagatell

Han meiner Amfi fortener takk i staden for kritikk, og trur at kjøpesenteret også gagnar dei andre som driv forretning i Ørsta sentrum.

– Korleis kjøpesenteret ser ut er ein bagatell som det går an å gjere noko med, og eg vil rose Ørsta kommune som har gira opp satsinga på sentrum, og ser muligheiter for å gjere Ørsta enno betre, seier Fossen.

Reiselivssjefen i Ålesund: – Burde fått femmer!

I «Kjøpesenterlandet» skriv Ronny Spaans at Norge no står oppe i ein av dei største arkitektoniske omformingsprosessane i historia, der utviklinga i retning av fleire kjøpesenter er dramatisk.

– Når det gjeld Ørsta, så skryt eg også av staden. Både hamneparken og Vikegata er positive tiltak, men då eg besøkte Ørsta på ein laurdag for to år sidan, så var det folketomt i gågata. Ørsta har blitt eit handelssentrum for regionen, men eg vil slå eit slag for lokalbutikken og dei små nisjebutikkane. I kjøpesentera finn ein berre kjedebutikkar, seier Spaans.

– Volda sentrum er utarma

Forfattaren forstår at terningkast ein går på lokalpatriotismen laus, men meiner at Ørsta ikkje evnar å sjå kva som skjer på andre sida av fjellet – i dette tilfellet Volda.

– Volda sentrum er utarma på grunn av kjøpesenteret i Ørsta. Truleg gjeld dette andre småsentrum i regionen også, seier Spaans, som ikkje kan forstå at Ørsta ønskjer å verte ein stor parkeringsørken

Kan gå opp ein karakter

Det er altså eit besøk for to år sidan som ligg til grunn for terningkast ein til Ørsta sentrum. Spaans meiner at Amfi-senteret er alt for stort, og at det er svært synd at det stenger sentrum frå fjorden.

– Men eg veit det er ting på gang i Ørsta, og det kan no hende at om eg tek ein tur tilbake dit og ser at det har blitt gjort noko med kjøpesenterfasaden og at ein har fått til å skape kontakt mellom senteret og sentrum, så kan eg nok vere villig til å gå opp i karakter, seier Spaans.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre på smp.no

Ikkje det penaste i bygda

Ordførar Stein Aam i Ørsta vil jobbe for eit vakrare Ørsta sentrum. Foto: Knut Arne Aarset

– Terningkast ein eller ei. Det går ikkje an å bortforklare suksessen til kjøpesenteret, det seier ordførar Stein Aam i Ørsta. Han kan likevel vere samd i at kjøpesenteret Amfi ikkje er det penaste bygget i bygda.

– Men for Ørsta er Amfi ein suksess, med 200 arbeidsplassar, og som eit trekkplaster på kundar frå heile Søre Sunnmøre, Nordfjord og enno vidare, seier ordføraren.

Aam vedgår at forfattar Spaans har mykje rett i det han seier om estetikk og tomme gater i Ørsta sentrum, men ordføraren peikar på at det mykje bra på gang når det gjeld sentrumsutvikling.

Skal blir meir liv i gågata

– Kommunen har utarbeidd ein ny sentrumsplan, og vi ønskjer mellom anna å fortette sentrum og å få parkeringsplassar under jorda. Samtidig har det blitt meir liv i gågata, fortel Aam.

Han tenkjer at merksemda rundt det lave terningkastet til Ørsta kan vere skjerpande i positiv retning.

– Eg skal i alle fall love å vere ein vaktar av at vi får det vakrare i Ørsta sentrum, seier ordføraren.