– Det er meir og meir etterspørsel etter produkta våre. Spesielt andre halvår i fjor var veldig bra, seier eigar og dagleg leiar Geir Kvalsvik.

Opptur

2016 var det første heile året etter at Kvalsvik produksjon gjekk konkurs på Dombås, og eigar Geir Kvalsvik kjøpte konkursbuet og starta produksjon av kjøkkeninnreiing på Hareid.

Omsetninga i fjor enda på nær seks millionar kroner.

– Rekneskapen er ikkje klar, men det vart i alle fall overskot.

Vi er tilfreds med utviklinga. I år siktar vi oss inn mot ei omsetning på ti millionar.

Dette er langt mindre enn i glansdagane med godt over 20 tilsette, rundt 40 mill. i omsetning og eit overskot på ti prosent.

Kvalsvik er konkurs: Kjøkkenprodusenten melde oppbod

Retro

Etter nokre tusen kjøkken gjennom meir enn 60 år, har dei no i produksjon ein kopi av det første kjøkkenet laga i Kvalsvika i 1954. Det er i kjend 50-talsstil med skrå overskap.

– Dette er til ein kunde i Bergen, fortel Kvalsvik og viser rundt.

– Vi starta produksjon av denne modellen i fjor haust. Utvendig er det 1954, innvendig er det 2017 med dempa skuffer og alt.

Og det er ikkje flatpakka skap og skuffer dei leverer. Eit ferdig kjøkken tar opp ganske mykje plass i transporten.

– Vi skal vere eit godt, norsk produkt også for dei som vil ha noko litt utanfor standarden, seier Geir Kvalsvik og viser fram ein variert katalog, også med kjøkken i herskapeleg stil.

Vaks seg ut av lokala

Det var foreldra hans som starta opp kjøkkenproduksjon i Kvalsvika i Herøy i 1954. Geir og brørne vaks opp med fabrikken få meter frå heimen. Han starta med å koste golv, fekk vere med i produksjonen, og med tida vart han produksjonssjef, og så salssjef.

Dei flytta fabrikken til Hareid men vaks seg ut av lokalet og trong noko større. Og ledig arbeidskraft var ikkje å oppdrive.

Så fall valet på Dovre, kjend for sitt tremiljø, med ledig arbeidskraft, og ein kommune som tilbaud fabrikklokale på 4.000 kvadratmeter.

Men finanskrisa i 2008 slo brått inn. Dovre var heller ikkje heimebane. Kvalsvik sakna miljøet av bedrifter rundt han som kunne gje ei hjelpande hand.

For å gjere ei lang og mot slutten også vond historie kort: Februar 2015 gjekk han til skifteretten for å levere inn selskapet, få månader etter at aksjonærane hadde skote inn ein god del pengar.

– Men eg visste at Kvalsvik er eit sterkt merkenamn, seier han.

Så kjøpte han konkursbuet og var i gang med nytt firma ein månad seinare, i Mørekjøkken sine tidlegare lokale på Hareid.

Lettare på Hareid

– Her er vi del av eit mykje større miljø. Når vi treng noko, så er det alltid nokon i nærleiken som har det.

– På Dombås, ein gong kompressoren stoppa, måtte vi hente folk frå Lillehammer. Det var ingen funksjonar i nærleiken som kunne hjelpe. Her på Hareid er her folk på ti minutt. Velviljen er fantastisk.

– Og fagfolka som eg hadde med meg til Dombås, dei har blitt med tilbake igjen. Alle har minst ti års erfaring frå bedrifta, seier Geir Kvalsvik.

– Vi har hatt fleire store leveringar til helsesektoren og har også fleire førespurnader derifrå. Men to tredelar av produksjonen er til privatmarknaden, seier Geir Kvalsvik.

Ein kopi av det første Kvalsvik-kjøkkenet vart nyleg sett i produksjon. Foto: Kvalsvik