Den eine tiltalte, ein albansk statsborgar busett i Ørsta, er dømd til fengsel i eitt år og seks månader. I følge retten er det bevist at han oppbevarte 273 gram kokain i bustaden sin i Ørsta.

Dømd på fleire punkt

Han er og dømd for å ha brukt narkotika, og for to tilfelle av dokumentforfalsking. Søre Sunnmøre tingrett legg vekt på at narkotika som vart funne i Ørsta kjem frå same parti som narkotika som vart beslaglagt i Ålesund, der den domfelte vart pågripen.

–Når det gjeld omfanget av kokain er mengda kokain som er beslaglagt så stor at dette representerer eit grovt narkotikabrotsverk, står det i dommen.

Under senga

Narkotikaen vart funne under senga i eit gjesterom. Ein mann som var på besøk, også han frå Albania, er dømd til fengsel i ti månader.

I retten nekta han for at han visste om narkotikaen under senga, men retten trur han ikkje.

Retten stor vekt på at det er funne dna-spor og fingeravtrykk på emballasjen som narkotikaen var pakka inn i.

–Kombinasjonen er desse funna, samt at beslaga vart gjort på romet som tiltalte hadde disponert i om lag to og ein halv månad, gjer at retten finn at det ikkje er rimeleg og fornuftig tvil om at desse biologiske spora har kome dit på nokon annan måte enn ved at tiltalte har handtert narkotikaen som var i posane, står det i dommen.

Kokainen vart funne under denne senga. Foto: Politiet