Fleirtalet i fylkestinget vedtok at ein ønskjer ei samanslåing med Hordaland frå 2020 dersom Stortinget vedtek ei reell, nasjonal regionreform.

Fylkestinget spesifiserte at ei slik reform må redusere fylke/regionar til om lag ti og legge til rette for styrking av og overføring av makt og oppgåver til det regionale folkevalde nivået. I såfall ønsker fylkestinget at Sogn og Fjordane går vidare med planane om samanslåing med Hordaland.

Sogn og Fjordane har vore eit eige fylke sidan 1919, men snart skal fylket slå seg saman med Hordaland til det nye Vestlandsfylket. Rogaland skulle også vere med, men trakk seg ut.

Fylkesordførarane har allereie blitt samde, og onsdag vart også fylkesutvalet samde om å gi tommel opp.

Avtalen mellom Sogn og Fjordane og Hordaland stadfestar mellom anna at nynorsk blir språket, Bergen hovudstad og at namnet på det nye fylket blir Vestlandsfylket.

– Dette er ei god avtale som tek omsyn både til dei særlege utfordringane som distrikta har, og til dei behova som større byar har, sa fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), til NRK etter at avtalen var i boks.