Møreforsking Volda AS vart oppretta som aksjeselskap i 2015, etter ei omorganisering i Møreforsking-konsernet. Målet var å knyte Møreforsking tettare opp mot Høgskulen i Volda, som gjekk inn med ein eigarpost på 49 prosent i Møreforsking Volda AS. Liknande grep vart gjort ved Høgskulane i Ålesund og Molde. Men Møreforsking Volda, som driv med forsking innan samfunnsfag, har slite med å skaffe inntekter.

– Vi har ikkje lukkast med å få til Møreforsking Volda AS, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.

For få oppdrag

Målet var at det skulle vere minst 8–10 forskarar ved Møreforsking i Volda. I staden har det blitt færre og færre. Ved årsskiftet slutta dei siste.

– Vi har ikkje har klart å rekruttere nok folk med oppdragskompetanse, altså forskarar som er gode til å konkurrere om oppdrag, og skrive gode søknader, seier Kjøde Jr.

– Tidlegare var det slik at forskarar gjerne byrja i Møreforsking, og deretter gjekk vidare til Høgskulen. Så Møreforsking har vore viktig for rekrutteringa av forskarar til oss, seier Jacob Kjøde Jr.

Eksterne inntekter

Direktør Jacob Kjøde jr. høgskuledirektør i Volda.

Den negative utviklinga for selskapet Møreforsking Volda AS må også sjåast i samanheng med at finansieringsmodellen for høgskulane er endra, slik at høgskulane får god utteljing for eksterne inntekter, såkalla BOA-finansiering, meiner høgskuledirektøren.

– Høgskulane styrer i større grad oppdrag inn til seg sjølve. Så det har ikkje blitt mindre forsking ved Høgskulen i Volda. Vi er mellom dei beste i landet når det gjeld publisering per fagstilling, seier Jacob Kjøde jr.

– Vert det samla miljøet innan samfunnsforsking i Volda svekka utan Møreforsking?

– Vert Møreforsking Volda AS avvikla?

– Det er ikkje fatta vedtak om det, men vi må berre erkjenne at Høgskulen ikkje har økonomiske musklar til å sprøyte inn meir kapital i eit slikt AS. Selskapet er ikkje konkurs. Det er og viktig å få fram at alle som har vore tilknytte Møreforsking har fått ny jobb, fleire av dei her ved Høgskulen i Volda.