Ifølgje ei børsmelding frå Solstad Offshore har herøyværingen selt seks millionar B-aksjar. Etter oppturen Solstad-aksjen fekk på børsen måndag, tilsvarar salssummen kring 78 millionar kroner.

Etter salet har Åge Remøy og selskap kontrollert av familien, att 3,6 millionar A-aksjar og knappe 940.000 B-aksjar i selskapet. Det utgjer ein eigardel på 5,12 prosent i Solstad Offshore.

Åge Remøy fekk i samband med Rem-Solstad-fusjonen aksjar i reiarlaget frå Karmøy. Etter fusjonen hadde Remøy ein eigardel på kring 14 prosent av aksjekapitalen, men har fleire gonger selt mindre aksjepostar.

Ville inn i Farstad

Remøy fortel til Finansavisen tyrsdag at hans investeringsselskap In Nord Vest stod klare til å gå inn med kapital i Farstad Shipping, då rederiet snudde og gjekk for Røkke-Fredriksen-løsningen som blei kjent måndag.

Les også: Hovedkontoret kunne endt i Ålesund - røyk da Farstad sa nei (krever abonnement)

Ålesund-reiarlaget skal ha hatt planane klare for ein emisjon på 650 millionar kroner, som skulle sørgje for at dei kunen held fram på eiga hand.

Remøy seier han og partnarane hadde stilt opp og garantert for fullteikning av kapitalutvidinga.

- Men vi fekk beskjed om at bankane ville ha ei anna løysning, seier Remøy til avisa.