Selskapet Fileks, som held til på Stranda, har plassert ut konteinarar for innsamling av brukte kle ei rekkje stader på Sunnmøre.

– Vårt mål er å ha den beste tenesta for innsamling av brukte kle i Møre og Romsdal, seier Plamen Petkov, som står bak selskapet.

Han har hovudsakleg kommersielle motiv.

– Vi er eit kommersielt selskap. Men vi har bestemt at ein prosent av omsetnaden skal førast tilbake til lokalsamfunnet i form av støtte til nyttige tiltak, seier Petkov.

Første kommersielle

Konkurranse Fleire stader på Sunnmøre har folk som vil kaste brukte kle tre konteinarar å velje mellom. Den kvite er Fileks sin, den raude Fretex og den grøne UFF. Foto: Svein Aam

På Nordvestlandet har Freselsarmeen sitt selskap Fretex klesinnsamling i konteinarar. Det same har UFF, U-landshjelp frå folk til folk (UFF). Felles for dei, og dei fleste andre aktørar som driv klesinnsamling, i er at dei har eit direkte eller indirekte idealistisk formål.

– Dette er det første kommersielle aktøren eg har høyrt om her i landet, seier presseansvarleg Rosa Fried i UFF.

– Men Fileks lovar éin prosent av omsetnaden tilbake til lokalsamfunnet.

– Det er nesten ingenting. Hos oss går 100 prosent av overskotet til ideelle formål, ifølgje Fried i UFF.

Fritt fram

Rosa Friedi UFF U-landshjep fra Folk til Folk. Foto: Svein Aam

Sidan brukte kle ikkje er definert som avfall, er det fritt fram for å etablere innsamling, så lenge ein har ein avtale med grunneigar om å setje opp konteinar.

Men dei etablerte aktørane er ikkje begeistra for konkurranse frå private.

– Det er ei trist dersom private selskap skal konkurrere ut ideelle. Denne utviklinga har vi sett i Sverige. Der kan det vere 15-20 konteinarar med meir eller mindre seriøse aktørar samla på ein plass. Vi ønskjer ikkje svenske tilstandar. Eg oppmodar folk til å sette seg inn i kven dei gir kle til, seier Rosa Fried i UFF.

Til Bulgaria

Plamen Petkov seier at han spelar med opne kort, og legg ikkje skjul på at han først og fremst prøver å drive forretningar.

– Førebels har vi ikkje tent pengar, men eg håper at det kan bli lønsamt og at eg kan skape ei bedrift med fleire arbeidsplassar, seier Petkov.

– Kvifor bør folk gi brukte kle til ditt selskap heller enn til Fretex eller UFF?

– Folk kan sjølve velje kven dei vil gi til. I Norge vert framleis mykje kle kasta. Eg trur at konkurranse kan føre til auka gjenbruk, og det er bra for alle.

Plamen Petkov fortel at han også hentar brukte kle heime hos folk dersom dei ringer han. Han tar også imot andre brukte ting, men ikkje møblar.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar. Folk er fornøgde når dei veit at kleda blir brukte igjen, seier Petkov.

Dei brukte kleda eksporterer han til utlandet.

– Vi har mellom anna ein samarbeidspartnar i Bulgaria, som er mitt heimland. Her er det store butikkar med brukte kle, mykje av dei ifrå Norge, seier Plamen Petkov.