Oppdatering: Ny vurdering vart tatt klokka 19. Heller ikkje tysdag kveld kan ferja gå til kai i Liabygda. På grunn av kraftig vind går ferja mellombels mellom Linge og Stranda.

Det er kombinasjonen av lokale vêrtilhøve og ombygging av ferjekaia på Liabygda som er problemet. Det meste av tysdagen har kraftig vind hindra ferja å legge til kai i Liabygda. Her har ferja fått den kraftige austavinden rett inn frå sida.

I tillegg pågår det altså ombygging av ferjekaia, og skipperen på «Sykkylvsfjord» valde difor å ikkje ta nokon sjansar tysdag morgon. Ruta vart lagt om, og ferja gjekk i staden til Linge.

- Vi er i ei sårbar fase no på grunn av ombygginga, og har ein lavare terskel enn elles for å innstille anløp, seier operativ ansvarleg, Bjørn A. Sekkenes i Fjord1.

Heilt stengd i helga

Akkurat no er det forskalingsarbeid som pågår. Etter planen skal det støypast ny kai i helga, og ferjekaia i Liabygda vil då vere stengt fram til betongen er herda.

Ferja vil då gå mellom Stranda og Linge.