Og denne veka er snøkanona i bruk for fyrste gong.

- Eg las om barnehagar på Austlandet som hadde skaffa seg snøkanonar, og tenkte at det hadde vore midt i blinken for oss, seier styrar i barnehagen, Einar Magne Moe.

Snøkanona vart kjøpt inn i fjor haust.

- Men fyrst denne veka kunne vi sette i gong storproduksjon, seier Moe.

Kaldt vêr

For kanona krev kaldt vêr og ingen nedbør for å fungere optimalt.

- Men no ser det bra ut dei neste dagane og vi trur vi kan produsere opp snø slik at vi har ei stund, seier Moe.

Og tiltaket er populært blant borna.

- Ein vinter utan snø er ikkje ein ordentleg vinter. Både born og foreldre er veldig nøgde med dette, seier Moe.

Sesongkort

Styraren kjenner ikkje til at andre barnehagar på Sunnmøre har si eige kanon.

- Men vi la ut ein video på Facebook, og då tok det heilt av. Eg trur mange vil vurdere å skaffe seg ei, seier Moe.

Kanona kostar cirka 11.000 kroner.

- Vi ser på det som ei rimeleg investering, og kanskje lyt oss gå i gong å selje sesongkort, i konkurranse med Bondalseidet, ler Moe.