– Duken som dei fleste av oss jordbærdyrkarar no har lagt over åkrane skal sørge for at plantane ikkje blir øydelagde. Men det bør likevel ikkje gå for lang tid før snøen kjem.

Det seier jordbærbonde Peter Arne Døving i Valldal. Snøen vil nemleg fungere som eit beskyttande lag over åkrane.

Kvit duk

Når vi er på besøk i Valldal viser gradestokken minus 8,5. Jordbæråkrane er kvite. Ikkje av snø, men av ein spesiell duk.

DUK Jordbærbonde Peter Arne Døving håper det snart kjem eit beskyttande lag med snø og legg seg oppå duken på åkeren.

Den første typen duk dei nytta var billegare og tynnare – og gjorde at hjorten gnog hòl i jakta på freistande planter.

– Så då måtte vi skifte til ein sterkare og dyrare duk. I tillegg har vi sett opp gjerde for å halde hjorten unna, fortel Døving.

Men heller ikkje dette er nok. For blir dyra svoltne nok greier dei nok også å forsere gjerdet.

– Difor køyrer eg ut mat til hjorten, siloballar som eg legg på utsida av gjerdet.

Og det er mykje mat som går med når han på viltkameraet har telt flokkar på opp mot 40 dyr på den eine fôringsstaden, og 20 dyr på den andre.

No når det er lite snø i terrenget, er ikkje hjorten like ivrig og det er ingen dyr å sjå når vi er på besøk. Men bonden seier at dei nok ikkje er langt unna.

45-åringen overtok som jordbærdyrkar i 2002, då med 20 mål med planter. No er han oppe i 70 mål. Meir har han ikkje plass til.

Plukking

Når bæra blir modne er ca. 50 plukkarar frå Tsjekkia, Slovakia og Polen i aksjon – og all bær blir levert til Valldal Grønt, der Døving er medeigar.

BESKYTTAR De fleste jordbæråkrane i Valldal er no kvite – ikkje av snø, men av ein spesiell type beskyttande duk.

Og så kom altså året etter, då berrfrosten øydela det meste og alle plantar måtte skifast ut.

– Sidan då har det gått sakte oppover igjen. Men vi treng snart eit skikkeleg toppår igjen, seier Døving. Det vil seie at han får fram 140 tonn jordbær.