– Dette motivet er frå ein plass på Sunnmøre der Kristoffer Krabbevik gjekk i skreddarlære, helsar Ola Misund.

Den lokalhistorisk engasjerte fiskeoppdrettaren er framleis frå Midsund og veit å spørje.

Men veit nokon å svare? Det er ein fin gråversdag, i alle høve.

Søndagsklede og flagget til topps. På den vakre, smale bygdevegen i høgre bildekant kan det sjå ut som om det går eit lite fylgje heilt framme bortom flaggstonga.

Heilt til høgre anten går eller syklar eit vesen såpass kvikt at den seige lukkertida ikkje klarer fryse vedkomande fast.

Vi erfarer om lag same effekten på sjølve flagget. Altså bles det ein smule, denne elles så høgtidssame dagen.

Huset er nesten som ein liten sveitservilla å sjå til. Rikeleg med snekkarglede i alle omrammingar og desslike. Det meste ser ut til å vere på stell i dette tunet.

Kvar kan det vere? Er det råd å lese noko ut av det uklare landskapet i bakgrunnen?

Det er ikkje heilt sikkert at det er Simonnæs som har teke bildet. Men vi las i går at han truleg hadde fotografert gardstun i traktene der han vaks opp, altså ytre søre Sunnmøre.

Han tente ei tid som barn på «Krabbestien» som ligg nord på Åram, om lag rett overfor Breivika og Årvika aust for Larsnes.

Kan dette terrenget stemme? Eller er det ein heilt annan stad?

Vi er takksame for all hjelp.