Færøyiske fiskefartøy må betale to kroner kiloet i avgift til færøyiske styresmakter for kvart kilo sild og makrell som vert levert til utlandet.

– Dette er et proteksjonistisk og handelshindrande tiltak, og brot på fiskeriavtalane mellom Norge og Færøyene, meiner den norske fiskeindustrien.

Skotsk press

No fryktar bransjeorganisasjonen Sjømat Norge at skotske styresmakter går i same retning. Nyleg har fiskeriministeren i Skottland varsla at årets kvoteauke på makrell vert halden tilbake dersom den skotske pelagiske flåten ikkje leverer meir fisk til anlegga i Skottland og på Shetland.

– Resultatet var merkbart for norsk industri umiddelbart. Skotske fartøy med avtalar med norske fiskeindustribedrifter valgde å heller levere fangst i Skottland, i frykt for strengare tiltak frå skotske styresmakter, skriv Sjømat Norge i eit brev til EU-ministeren og Fiskeriministeren.

Organisasjonen ber statsrådane ta opp saka med britiske og skotske styresmakter. Dei ber også om auka press på Færøyane.

– For norsk fiskeindustri er det kritisk dersom ein så vesentlig del av råstoffgrunnlaget fell bort. Vi meiner det er grunnlag for resolutt oppfølging frå norsk side, står det i brevet til norske styresmakter.

Kort sesong

Fisket etter sild og makrell i Norge er prega av korte og hektiske sesongar. Konsekvensen for industrien er lange periodar med permitteringar.

Landingar av fisk frå utanlanske båtar har vore eit viktig supplement.

– Den skotske og førøyiske flåten leverer gjerne fisk utanom den norske sesongen, og skaper basis for heilårsdrift, seier fagsjef for pelagisk i Sjømat Norge, Kyrre Dale.

I 2016 kjøpte norske fiskeindustribedrifter 81.000 tonn makrell og 29.000 tonn sild frå britiske fartøy.

– Norsk fiskeindustri betaler best pris seier Kyrre Dale

– Er det Brexit som spøkjer i bakgrunnen når Skottland ser ut til å setje i verk proteksjonistiske tiltak?

– Det er vi usikre på ,men generelt kan Brexit forsterke denne typen tiltak, seier Dale, som tysdag skal i møte med Fiskeridepartementet om saka.

Urioa: Fagsjef Kyrre Dale i Sjømat Norge ber norske styresmakter reagere mot proteksjonistiske tiltak. Foto: Svein Aam