– Dette må vere teke i Krabbestien i Vanylven, ut frå fjellformasjonen bak og personane på bildet, seier Rønnestad.

– Mannen var god å kjenne att då eg søkte etter namnet hans inne på Fylkesfotoarkivet, nemleg Johan Martinussen Sandvik.

Han var fødd 12. mars 1865 på garden Sandvik, og tok over Krabbesti i Vanylven (1901-1911).

Johan gifte seg med Paula Andersdotter Eidså i 1896 og dei fikk seks born, har Irén funne ut. Han var skomaker og døydde 24. september 1915.

Johan fekk ikkje bli ved sin lest så altfor mange år, kan det fylgjeleg sjå ut som.

– Borna er etter alder å dømme desse: Mina Amanda f. 4. 2. 1897, Oluf Kornelius f. 20. 6. 1898, Sigvald Bernhard f. 14. 4. 1900, Jenny Sofie f. 16. 5. 1902 og så Arnt Peder f. 9. 3. 1904.

Det kan sjå ut som dette er hans dåpsdag, siden han har dåpskjole på. I så fall er datoen 1. mai 1904 ifylgje kyrkjebøkene, resonnerer Rønnestad.

Anna Elisa, f. 21. 08. 1908, vart familien sitt sjette born, fortel vår heimelskvinne på Åram.

Viss ikkje dette er imponerande, så veit ikkje vi. Reine vidaregåande kurset i folkeminnegransking. Takk og takk!

Simonnæs tente i Krabbestien som ung gut, så han kjende truleg denne familien då han vende tilbake som fotograf.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.