Norled melder at ferjeruta Skjeltene - Lepsøya - Haramsøya er kansellert på grunn av tekniske problem.

Har du tips eller foto? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller ring 95400400.

Regionsjef Inge Andre Utåker seier at ferja Austevoll har vore på verkstad nokre dagar.

– Vi var sikre på at den skulle kome tilbake på ruta i går kveld, slik at den kunne gå i dag. Då kansellerte vi reservebåten, men no må vi prøve å få Solskjell tilbake i rute. Vi jobbar med saka, og forventar at det skal gå kort tid før den kjem inn i rute, seier Utåker.

Det er Fjord1 som har Solskjell, og difor må Norled leige den inn frå dei.