Det bekreftar Harstad til Smp.no.

Harstad blei vald på møtet i kommunestyret torsdag kveld. Han har også tidlegare vore ordførar i Ørskog.

Tidlegare ordførar Karen Simonnes Aanes (Arbeiderpartiet) fekk på førre møte innvilga søknaden sin om fritak frå vervet ut heile perioden. Grunngjevinga var helsemessige årsaker.

BAKGRUNN:

Ørskogordførar fekk fritak

Ørskogordføreren om offentlighet rundt egen sjukemelding: – Har vært ubehagelig

Kommunereform og samferdsle

Knut Harstad seier han vil takke for støtta han har fått og sett fatt i jobben allereie dagen etter møtet i kommunestyret.

– Det er mykje å gripe fatt i. Kommunereforma er den store utfordringa no for kommunen på mange plan, både for tilsette og politikarar, seier Harstad.

Elles nemner han samferdsle som eit viktig felt, både når det gjeld krabbefelt på Ørskogfjellet og ny sentrumsplan, der eit vedtak om ny rundkøyring har blitt liggande i årevis. Han meiner og det er stort behov for ytterlegare areal til bustadhus og næringsutvikling, og å jobbe for ei god helse- og omsorgsteneste.

– Helse og omsorgstenesta er sårbar på grunn av knappe midlar, men eg er oppteken av at vi ikkje skal kome i sin slik situasjon vi no har lest frå Arendal, der eit ektepar ikkje kan få bu saman.

– Folk må puste ordføraren i nakken

Harstad, som er pensjonert advokat, går no tilbake i full jobb og vel så det. Som pensjonist har han likevel jobba med sitt, mellom anna har han vore meklar i Sunnmøre konfliktråd, noko han no vil trappe ned på.

– Det kan vere ei utfordring å gå tilbake i jobb, men at eg får slik støtte gjer at ryggmarken er styrka. Eg er tent på å gjere ein dyktig jobb og føler eg har stor energi.

Til slutt vil Harstad oppfordre folk til å ta kontakt med ordføraren og «puste han i nakken».

– Eg vil gjerne vere på talefot med folket.