UP hadde torsdag fartskontroll i ei 60 sone på Stette i Skodje. Kontrollen varte frå klokka fem om ettermiddagen til ti om kvelden. Resultat var tre førarkortbeslag og 20 førelegg, skriv politiet på Twitter.

- At tre mista førarkortet og 20 blir bøtlagt er sjølvsagt ikkje bra, seier operasjonsleiar Trygve Ødegaard ved politiets operasjonssentral.

Han fortel at førarkortbeslag startar frå 86 km/t i ei 60-sone, og dei som mista førarkortet i kontrollen torsdag skal ha køyrt mellom 86 og opp mot 90 km/t.