«Kjære Robert Steen: Velkomen til Eid. Velkomen til Nordfjord. Velkomen til Sogn og Fjordane. Velkomen til den verkelege verda.»

Slik startar Facebook-innlegget til Alfred Bjørlo, der han vender seg til finansbyråd Robert Steen i Oslo.

Innlegget har i skrivande stund blitt delt over 1200 gongar, har 3.300 likes og har blitt omtalt av ei rekke aviser. Fredag ettermiddag møttest dei to til debatt på TV2 Nyhetskanalen.

Bjørlo vart provosert av Steen sitt innlegg om utflytting av statlege arbeidsplassar. Til NRK sa Steen følgande:

«Årsaken til at vi har en del offentlige arbeidsplasser i Oslo, handler om at Oslo er et kompetanse-sentrum. Der vi i Oslo kan trekke på akademia og privat næringsliv i stor utstrekning, er dette vanskeligere i en del andre deler av landet, som for eksempel Sogn og Fjordane»

Ei nerve

Bjørlo ramsar opp ei rekke område der bedrifter eller folk i Eid og Sogn og Fjordane er leiande, som fisken, den fornybare energien, avanserte skipsfartøy og at 8 av dei 20 beste skulekommunane i Norge er frå Sogn og Fjordane.

« Eg forstår godt at du er uroleg for dei som kan stå i fare for å misse jobben. Eg har respekt for det. Men prøv å skjerpe deg ørlite grann. Det finst ei verd utanfor Oslo. Det finst ei verd til og med i Sogn og Fjordane.

Med blømande lokalsamfunn. Med kompetanse. Med privat næringsliv. Med akademia. Men som har måtta sjå på i år etter år at statlege kompetansearbeidsplassar blir bygd ned og forsvinn. Til Oslo. I tusental.» skriv Bjørlo vidare.

Bjørlo avsluttar med å invitere Steen til Malakoff Rockfestival - ein av Norges største rockefestivalar.

Til NRK seier Bjørlo at innlegget ser ut til å ha treft folk over heile landet, sjølv om teksten handlar om Nordfjord og Sogn og Fjordane.

– Det trefte ei nerve i folk, seier han.

Oslotoppen: – Eg kjem til Malakoff

Finansbyråd Robert Steen har svart ordføraren. I sitt svar til TV2 skriv han at han har stor respekt for lista av høgkompetente, kreative og hardt arbeidande miljø.

«Jeg er ganske sikker på at også kompetansemiljøene i Sogn og Fjordane er miljøer som møysommelig er bygget opp over lang tid og hvor menneskene i disse miljøene er det viktigste. Å flytte bedriftene fra Vågsøy, Bremanger, Nordfjord eller Stryn til Holmlia, Egersund, Alta eller Røros ville ikke gitt de samme gode produktene eller ideene - i alle fall ikke før etter lang tid» skriv Steen.

«Måten å skape fremtidens arbeidsplasser på er ikke å flytte rundt på de gode arbeidsplassene som allerede finnes, men å understøtte gode, kreative miljøer som kan skape noe nytt.»

Byråden seier han har brukt dagen på å finne eksempel på statlege arbeidsplassar som har blitt flytta andre vegen, frå distriktet til Oslo, utan hell, og peiker på at 26 prosent av arbeidsplassane i Oslo er i offentleg sektor, medan tilsvarande tal for Sogn og Fjordane er 36,6 prosent. Før han avsluttar innlegget:

– Jeg kommer VELDIG GJERNE til Malakoff-festivalen :-D. Inviterer du :-D?

Til NRK seier Alfred Bjørlo at Steen blandar hummar og kanari når han trekk inn statistikken om offentlege arbeidsplassar.

Kven andre som kjem til Malakoff kan du lese om her.