OPPDATERT FREDAG

På Sunnmøre er det no betydeleg skredfare, vurderer varsom.no.

Volda – opnar fredag

Volda skisenter skriv på Facebook torsdag kveld: Vi har fått påfyll av snø det siste døgnet, om vermeldingane slår til opnar vi familietrekket imorgon tidlig.

Ørsta skisenter er ope

– Godt besøk i dag og på kveldskøyringa. Fredag har vi ope barnetrekk og t-trekk. Løypa til Åmskaret vart trakka i kveld. I morgon er det meldt snøbyger og gløtt av sol. Ka du venta på, spør dei på Facebook torsdag kveld.

Bjorli – pudder og full drift

Strandafjellet – pudderalarm

Grotli Skiheiser – pudder

Eit alternativ for dei som synest det er greit å køyre litt ekstra, kan i desse dagar vere Grotli. Skibakken ligg halvannen times køyring frå Volda

– Vi har fått litt ny pudder, melde skisenteret på Facebook torsdag.

Skisenteret omtalar seg sjølv som eit familievennleg anlegg med barneheis, t-trekk og terrengpark.

Arena Overøye opna onsdag

Anlegget i Stordal har slitt med lite snø tidligare i vinterferien, men no har det snudd

– Ikkje ofte vi har det slik. Ferie, 20 cm pudder om natta og finvêr på dagen. Vi har ope familietrekk og park, melder dei på sine Facebook-sider.

Fjellseter – herlege forhold

Skisenteret har no også terrengpark med eiga Facebook-side.

Lysløypa for langrenn har vore ope på Fjellsetra. Onsdag vart det også gjennomført langrennssamling som er ein del av fjellsætercup.

Stryn – opna torsdag

Vinterskisenteret på Stryn har hatt ope både i Barnetrekket, Gamleheisen og Steindalsheisen, men måndag måtte skisenteret melde pass og stenge.

– Stryn vinterski vil dessverre halde stengt også i dag. Det har kome ca 2 cm nysnø i botnen, og skal kome meir i løpet av dagen. Vi kjem til å opne igjen torsdag kl. 10, melder dei på Facebook.

Hornindal – opna torsdag

– Ope til topps på eine sida. Veldig gode forhold. Ca 30-40 cm nysnø i øvre delen av anlegget, melder dei på Facebook.

Anlegget har ikkje moglegheiter for produksjon av kunstsnø.

Dei har også seks kilometer langrennsløyper som dei vil forsøkte halde ope.

Harpefossen – påfyll av snø

Snøkanonane har gått varme også ved Harpefossen i det siste, og dei har no eit solid lager med kunstsnø.

– Vi opnar på Furehogane fredag. Vi har fått påfyll av snø i løpet av dagen, og har fått preparert traseane på Furehogane, og opnar Kjendalsheisen i morgon, melder dei på sine nettsider torsdag kveld.

Ørskogfjellet – ikkje klare

– Det snøar bra på fjellet, men det er fortsatt for lite snø til å opne skitrekket. Vi oppdaterer status når det er noko nytt å melde, skriv Ørskogfjellet skisenter på sine heimesider torsdag ettermiddag. Fredag ettermiddag er det ingen nye meldingar.