– Dette er ei styrking av Volda som studiestad. Og dette er også alle grannekommunane tent med.

Dette seier Hareid-ordførar Anders Riise (H) under ei markering i Volda fredag ettermiddag. Representantar frå både regjeringspartia og støttepartia er til stades for å kaste glans over vedtaket om den største studenthusutbygginga i skulebygda i nyare tid. Og det er slett ikkje berre bygda sine eigne politikarar som er glade for denne avgjerda. Ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven tok sjølv lærarutdanninga si i Volda.

– Det er ei tid eg hugsar attende på med stor glede. No gled eg meg veldig over at studentmiljøet på denne måten vert styrka for nye generasjonar av studentar.

– Dette vil vere til nytte og glede også for oss i grannekommunane, sa ordføraren i Vanylven.

Gjestmild høgskule

Kollega Anders Riise (H) i Hareid var innom dei same tankane.

– På same tid har eg siste åra opplevd leiinga ved Høgskulen som svært gjestmild og inkluderande overfor grannekommunane.

– Siste to åra har eg som ordførar i Hareid vore invitert til semesteropninga ved Høgskulen i Volda. Eg har møtt og eg har hatt stort utbytte av dette, fortel Riise. Han meier dette er med på å danne fellesskap - om felles interesser, verdiar og identitet på Sunnmøre.

Symbolsk studentliv

Ei rekkje sentrale aktørar stod altså i talekø kring ein sofa på ei attelege på Heltne i Volda fredag ettermiddag. Alle i semje om at ei satsing på ny bustadblokk for studentar her vil vere mykje framtidsretta.

– Sofaen er sjølvsagt symbolsk for studentlivet, vi fann ikkje på noko betre i farta, ler prorektor Jens Standal Groven. Helst hadde han sett at ein større gravemaskin alt var på plass for å ta første grabb i jorda her.

Sterkt ønska

Assisterande direktør ved Studentsamskipnaden Volda, Rune Aasen, er ikkje minst nøgd.

– Vi veit ikkje meir enn at løyvinga no er gitt, og at utbygginga er sterkt ønska. Men vi er midt i reguleringsprosessen, og kan ikkje forskottere når bygginga kjem i gang, seier Han.

Bak Rune Aasen frå Studentsamskipnaden Volda, prorektor Jens Groven, Høgskulen i Volda, KrF-politikar Arild Iversen, Høgre-politikar Audun Kr. Høidal. Framme: Frp-politikar Anbjørn Frislid, Ørsta, Høgre-ordførar Anders Riise, Haride, Venstre-ordførar Lena Landsverk Sande, Vanylven og på tvers: Studentrepresentant Tormod Smedvik.