Sykkylven kommune har gitt løyve til å  sanke egg og avlive fiskemåseungar ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS). Løyvet gjeld frå 1. mai til 15. august

Men Norges Miljøvernforbund, der Kurt Oddekalv er leiar, har no klaga på vedtaket om løyve til å avlive raudlista fugleungar av typen fiskemåse.

Meiner livskvalitet blir øydelagd

Det er også klaga på vedtaket om å sanke inn egg og øydelegge reira til fiskemåsane.

I klagen trekkjer Oddekalv fram at ifølgje deira kjelder gir det auka livsglede for dei som bur på BUAS å sjå på fuglelivet utanfor heimen.

NMF krev at Fylkesmannen opphevar det dei meiner er eit miljøfiendtleg vedtak om å sanke inn raudlista egg og fugleungar i hekketida.

Foreslår fleire tiltak

Sykkylven kommune har gjort fleire tiltak for å få bukt med måseproblemet, men Oddekalv meiner det ikkje er gjort nok.

Blant anna er det lagt gummiormar på taket og hengt opp trådar langs møne for å hindre at måsene etablerer seg, men tiltaket har ikkje fungert.

Oddekalv meiner ein må auke mengda med streng og legge ut fleire plastslangar på taket. Ferdsel på taket før egglegging vil også ha effekt, då det fører til at måsane opplever staden som utrygg og dermed ueigna til hekkeplass.

Eit anna verkemiddel er å setje opp rugekasser, ifølgje Norges Miljøvernforbund.

Stuper i hovudet

I sakspapira til kommunen går det fram at om lag 15 til  20 par med fiskemåse i fleire år har hekka eller forsøkt å hekke på taket til Sykkylven bu- og aktivitetssenter, BUAS.

Måsen stuper i hovudet på pasientar og tilsette, som vegrar seg for å gå ut for dør. Difor har dei søkt om løyve til å ta ut egg og ungar av fiskemåse som hekkar på taket.

Kommunen meiner også fiskemåsane fører med seg helsemessig utfordring med tanke på avføring på utemøblane som blir nytta i samband med lunsj i mai månad.

Det blir også meldt om støy og uro, både seint og tidleg.

Dei seinare åra har bestanden gått noko tilbake på landsbasis. Kommunen har merka seg at fiskemåse står oppført som "nært truga" på den norske raudlista. Dette er lågaste kategori.