Laurdag klokka 20.04 fekk brannvesenet melding om røykutvikling i eit hybelhus i Volda.

Ein person vart teken hand om av helsepersonell etter hendinga.

– Det viste seg at det var matlaging som var årsaka. Det skapte mykje røyk, seier brannmeister Kjetil Iversen ved 110-sentralen til Smp.no.

– Om personen har sovna eller ikkje kan eg ikkje bekrefte. Personen er teke hand om av helse og bringast til sjukehus for vidare sjekk på grunn av røykpåverknad, seier Iversen.

Maten som forårsaka det heile er teken ut av omnen, bustaden er ventilert og utelufta og dei som var evakuerte har fått gå inn att til hyblane sine, melder brannvesenet.

Magnus Halten var på staden og fortel at det var  to brannbilar og to ambulansar på staden, og at brannvesenet tok seg inn i hybelen med makt.

– Brannvesenet tok med brannslange opp og dei brakk opp døra. Vidare lufta dei rommet med aggregat og vifte, seier Halten til Smp.no.