Oppsynsbåten «Munin» er eit kjent, men kanskje også frykta syn på kysten av Sør-Norge. Båten som ber namnet til ein av Odin sine ramnar har vore ein viktig del av kystoppsynet, med hovudvekt på kontroll av teiner, garn og ikkje minst: Borgundfjordfisket. Men no er det slutt.

– Frå nyttår vart kystoppsynsfartøyet «Munin» tatt ut av teneste i samband med at all sjøteneste i Fiskeridirektoratet vart organisert under «Overvåkningstjenesten» i region Nord, skriv Fiskeridirektoratet på sine nettsider.

Bestiller nytt

Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Midt-Norge har hatt ansvaret for drifta av «Munin». Men overvakings og oppsynsoppgåver i Fiskeridirektoratet er overført til regionkontoret i Nord. I samband med omorganiseringa skal også flåten rustast opp.

Fredag vart det kjent at Maritime Partner i Ålesund skal levere ein ny oppsynsbåt for Norwegian Rig Shuttle, som igjen skal leige den ut til Fiskeridirektoratet.

– Den nye oppsynsbåten vil bli bygd og utrusta for å kunne gå i dei nordlegaste fylka på vinterstid, noko som gjer at Fiskeridirektoratet vil bli mindre vêravhengig og meir operativ i sitt fiskerioppsyn, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratets overvåkningstjeneste i region Nord, Rolf Harald Jensen i ei pressemelding.

I opplag

Dermed vert «Munin» pensjonert.

– «Munin» er ikkje lenger eigna for dei oppgåvene den skal utføre, seier regionsjef Ståle Hansen i Region Midt til Sunnmørsposten.

Dermed er det ope kven som skal ta seg av oppgåvene i det indre kystoppsynet i Sør-Norge. I tillegg til dei tradisjonelle reiskapskontrollane har «Munin» utført algeovervakning, kontroll av oppdrettsanlegg og tilsyn med fuglereservat.

– Vi kjem nok til å vere mindre til stades i kystsona ei stund framover. Men vi ser på korleis desse oppgåvene kan løysast på andre måtar. Det kan til dømes vere aktuelt å leige inn eit mindre fartøy til reiskapskontrollar i periodar, seier Ståle Hansen.

Den nye oppsynsbåten, Alusafe 2000 MPV, er 20 meter lang, og har ei marsjfart på 20 knop.