I samband med bispevisitasen i bygda har prost og biskop konkludert med at det er best at han held avskjedsgudsteneste i påska og så tek ut lovpålagt ferie, skriv Sykkylvsbladet (saka er ikkje på nett).

Bakgrunnen er uro i konfirmantflokken.

– Biskopen meinte det var best at ein vikar kjem inn og har konfirmasjonsgudstenestene som Standal skulle hatt. I ungdomsmiljøet har det vore ein god del negative kommentarar på sosiale media, og biskopen ynskte ikkje at dette skulle ha fokus, eller at nokon skulle kjenne at dette vart vanskeleg. Konfirmasjonsdagen er ein festdag der konfirmantane må vere i fokus, og ikkje denne saka, skriv Sykkylvsbladet.

– Eg ynskjer ikkje noko fokus på meg og det valet eg har gjort i denne saka, det er viktig at den uroa som har vore blant konfirmantane om dette kan leggast bort, og fokuset kan få vere på å få gjennomført gode konfirmasjonsgudstenester i mai, seier Standal sjølv til avisa.