I Herøy har dei tradisjon for å ta i eit ekstra tak for utsette grupper som kjem til lokalsamfunnet.

– Vi har mange som bryr seg og er engasjert. Også ungdomsmiljøet og næringslivet i Herøy har imponert, seier Lilly-Arlen Larsen, leiar ved Fosnavåg mottak for einslege mindreårige som driftas av Hero.

Fotballdrakter og hundelufting

Mottaksleiaren seier særleg folk i nærmiljøet støttar på ulike vis:

– Vi har lærarar som kjem for å hjelpe til, medan andre spør om gutane kan vere interessert i å klippe plenen, eller vere med å lufte hunden. Også har vi bedrifter som har vore innom med varer, mat og fotballdrakter. Bebuarrådet har hatt møte og felles arrangement med ungdomsrådet, og gutane går på ungdomsklubben, seier ho.

(saka held fram under)

Sunnmørsposten skreiv fredag om at mottak på Sunnmøre opplever ei utvikling med sjølvskading og sjølvmordsforsøk mellom mindreårige einslege asylsøkjarar.

Mottaksleiaren seier at dei ikkje har opplevd dette i Fosnavåg: – Mitt inntrykk er at gutane har det godt i lokalsamfunnet, seier ho.

Fredagspizza

Lisa Leinebø Pinheiro er ei av dei som oppmodar folk om å bry seg og hadde i helga tre unge gutar på fredagspizza. Ho trur mange vil bidra, men at dei ikkje veit heilt korleis.

– Det er mange som spør meg, for eksempel, kva kan eg gjere? Det viser at det er vanskeleg å vite kva ein kan gjere. For oss handlar det ikkje om ein er einig i at dei skal sendast ut av landet eller ikkje, det handlar berre om å bry seg, vise at vi tenker på dei.

– Dei har det tøft, men saman hadde vi ei hyggeleg stund. Eg oppmodar andre om å vise at vi bryr oss, seier Pinheiro.

Blir sett stor pris på

Fredagspizzaen vart i alle fall vellukka – det er sjeldan familien har hatt høflegare gjester, og gutane syntest det var kjekt å leike med barna.

– Dei fleste har travle liv og slit med sitt, jobb og ungar. men det er viktig å gjere slike enkle ting, ein time her eller noko. Det sett dei stor pris på. Det er ikkje snakk om veldedigheit, men om å få prate litt i lag, få gjere noko kjekt i ei periode som er veldig vanskeleg for veldig mange unge, seier ho.