Det går formannskapet i Ørskog samrøystes inn for.

Til våren startar arbeidet med å forlenge gang- og sykkelvegen på god matjord langs fylkesveg 650 mellom Giskemo og Amdam. Ti grunneigarar må avstå jord.

No er det klart at erstatninga blir seks gonger høgare enn normalt.

Sak i tingretten

Fire grunneigarar gjekk i fjor frivillig med på å få utbetalt vanleg takst, som er 20 kroner kvadratmeteren. Seks grunneigarar meinte at matjorda er meir verdt, og i fjor vår fremma kommunen eit ekspropriasjonsskjønn for Sunnmøre tingrett på vegner av desse seks.

Skjønnsretten konkluderte med at jordbærproduksjon kan vere aktuelt på dette området i framtida. Dermed skaut erstatninga i vêret, frå rundt 20 til rundt 120 kroner kvadratmeteren.

– Tapet er varig, og utmålinga av erstatning skal skje for «evigheita», uavhengig av dagens drift og eigar, sa advokat Bjørn Kristian Hove i tingretten til smp.no.

Torsdag skal saka opp i kommunestyret. Ordføraren reknar med at også kommunestyret vil likebehandle alle dei ti grunneigarane.

– Dette er ei rettferdsvurdering vi har gjort. Eg kjenner ikkje til at det har vore usemje rundt dette, seier Ørskog sin nye ordførar, Knut Helge Harstad (H).

Framleis uklart kven som betaler

For tvisten mellom Ørskog kommune og Vegvesenet er ikkje avslutta. Vegvesenet har tidlegare nekta å betale meir enn rundt 20 kroner kvadratmeteren. Fleire avtalte møte mellom dei to partane har blitt avlyst. Dette skjedde samtidig som tidlegare Ørskog-ordførar Karen Simonnes Aanes (Ap) var sjuk.

Ordførar Knut Harstad. Foto: Johan Behrentz

– Det var vanskar ei tid med at begge partar ikkje kunne møte til felles tid. Statens vegvesen måtte også ha noko tid å gå gjennom diverse dokument dei bad om, alt innanfor rimelege påreknelege behov for saksgjennomgang, seier ordførar Knut Harstad til smp.no.

Like før han vart ordførar, lukkast dei med å få til eit møte. Her var Harstad med som medlem i formannskapet.

–  Vi kom langt i å snakke konstruktivt om ei løysing. Men kva form løysinga får er ikkje avklara, seier Harstad til Sunnmørsposten.

Ikkje nødvendigvis presedens

Ordføraren understrekar at skjønnet i tingretten ikkje utan vidare kan brukast andre stader.

– Ein kan ikkje utan vidare bruke dette generelt i andre saker, det synest vi er å dra det litt langt. Skjønnsretten sin uttale er jo veldig konkret knytt til dette området, seier Harstad.