Våren 2015 starta stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv målingar av luftkvaliteten i samarbeid med ein tysk professor, Jörg Löffler.

Han arbeidar ved Universitetet i Bonn. Målingane kom i gang som ein konsekvens av stadige spørsmål kring blårøyk frå cruiseskip, stor ferdsel av ulike fartøy på sjøen og eit krevjande trafikkbilde under høgsesongen på sommarstid.

Reiselivsekspert Geir Vik anslår at så mykje som 900.000 folk er i verdsarvbygda i løpet av eit år, dei fleste i løpet av sommaren. 350.000 er turistar med cruisebåt.

Helseskadeleg luft

Rapporten frå Löffler viser at verdiane av svevestøv er høge ved enkelte tider. Stiftinga kontakta derfor Folkehelseinstituttet, som svarte:

«Kort oppsummert er verdiene av PM 2,5 som er målt på to målestasjonar i Geiranger så høye at de kan føre til forverring av sykdom i luftveiene og hjertekarsystemet hos dem som allerede har en sykdom. Derfor bør det gjøres tiltak for å redusere luftforurensingen i dette området i turistsesongen».

Det er tre målestasjonar i Geiranger, og det er ved Fjordsenteret og i sentrum at verdiane er høgst. Ved Dalen Camping, kor den siste stasjonen står, er lufta betre.

– Må granske vidare

Fungerande leiar Merete Løvoll Rønneberg i stiftinga fortel at dei no har etablert eit samarbeid på minimum 30 år med Universitetet i Bonn.

Professor Löffler har berre undersøkt luftkvaliteten i to år, og verdiane har vore høge under dei tre sommarmånadene.

Ho vil la Folkehelseinstituttet snakke om helsefaren.

– Vi sender frå oss resultata til kommunen i første omgang, seier ho, og meiner at ein må halde begge beina planta på jorda.

– Kommunen vil ta tak. Vi må vere aktsam rundt å lage store overskrifter, samstundes som vi skal ta saka på alvor. Alle bør bidra konstruktivt, seier Rønneberg.

Skal sjå på cruise og bussar

Stiftinga har varsla Stranda kommune, som er forureiningsmyndigheit.

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) har lest brevet.

– Forskinga er gjort i eit kort tidsrom, men vi skal gjere ei vurdering av innhaldet og tek dette på alvor, seier Tryggestad.

Kommunen går no i gang med fleire undersøkingar.

– Vi har starta eit arbeid med Sjøfartsdirektoratet for å sjå på utslepp frå cruisetrafikken. Vi må også sjå på bussane og andre kjelder, seier ordføraren.

Grønare strategi

Tryggestad seier at det ikkje er kvar dag i sesongen at det er helseskadelege verdiar. Dette er også noko som kjem an på vêr og vind.

– Vi skal ikkje skape meir frykt og uro enn nødvendig, men det handlar om verdsarvstatus og sikkerheit.

– Er det aktuelt å begynne med landstraum?

– Det er eit av mange tiltak vi diskuterer, men det er krevjande å få inn ei linje med betydeleg kapasitet til Geiranger. Vi vil også i samarbeid med Sjøfartsdirektoratet sjå om det er grunnlag i regelverket som gjer at dei beste båtane med reinast miljøteknologi kjem inn fjorden.

– På land er det vel kanskje lettare å gjere tiltak?

– Ja, vi jobbar med situasjonen rundt parkering i sentrum. Vi vil ikkje at bussar skal bli ståande på tomgang og må sjå på heile trafikkavviklinga. Det er ein diskusjon om framtidas bussar som går på batteri, hydrogen og andre typar drivstoff kan vere aktuelle.

Det kan bli trongt om plassen utanfor Geiranger sommarstid når det både er cruiseskip og hurtigrute der samtidig. ARKIVFOTO: STAALE WATTØ Foto: Staale Wattø