Like før klokka tre natt til torsdag blei det meldt om forsøk på innbrot i ein minibank i Stryn.

Halvannan time seinare, klokka halv fem, blei fire menn pågripne på Lom av Innlandet politidistrikt.

Det melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

Tilbake til Stryn for avhøyr

Alle dei fire skal vere av utanlandsk opphav. Den yngste er i 20-åra og den eldste i 40-åra.

Dei fire personane blir torsdag morgon frakta tilbake til Stryn.

– Stryn lensmannskontor har ansvar for etterforskinga vidare, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt til smp.no

Sjekka ut

– Korleis har innbrotsforsøket i denne minibanken skjedd?

– Det er gjort forsøk på å bryte opp og manipulere minibanken. Noko meir enn dette kan vi ikkje seie no, seier Rimmen.

Dei fire skal ikkje ha fått med seg pengar frå minibanken.

Bilen med dei fire blei stoppa av politiet i Gudbrandsdalen. Ifølgje Rimmen brukte politiet kontaktane sine i etterforskinga. Opplysningar frå publikum var interessante og blei sjekka ut. Og dette førte til pågriping i saka.