Utgreiingsoppdraget blir i desse dagar lyst ut på anbod. Venta oppstart er 1. mai, opplyser kommunen.

Våren 2015 starta stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv målingar av luftkvaliteten i samarbeid med den tyske professoren Jörg Löffler.

Han arbeider ved Universitetet i Bonn. Målingane kom i gang som ein konsekvens av stadige spørsmål kring blårøyk frå cruiseskip, stor ferdsel av ulike fartøy på sjøen og eit krevjande trafikkbilde under høgsesongen på sommarstid.

Bakgrunn: Skal granske helseskadeleg luft i Geiranger

Svevestøv

Rapporten frå Löffler viser at verdiane av svevestøv er høge ved enkelte tider. Stiftinga kontakta derfor Folkehelseinstituttet, som svarte:

«Kort oppsummert er verdiene av PM 2,5 som er målt på to målestasjonar i Geiranger så høye at de kan føre til forverring av sykdom i luftveiene og hjertekarsystemet hos dem som allerede har en sykdom. Derfor bør det gjøres tiltak for å redusere luftforurensingen i dette området i turistsesongen».

Det er tre målestasjonar i Geiranger, og det er ved Fjordsenteret og i sentrum at verdiane er høgst. Ved Dalen Camping, der den siste stasjonen står, er lufta betre.

– Vi sender frå oss resultata til kommunen i første omgang, seier ho, og meiner at ein må halde begge beina planta på jorda.

– Kommunen vil ta tak. Vi må vere varsame med å lage store overskrifter, samstundes som vi skal ta saka på alvor. Alle bør bidra konstruktivt, seier Rønneberg.

Stiftinga har varsla Stranda kommune, som er forureiningsmyndigheit.

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) har lese brevet:

– Forskinga er gjort i eit kort tidsrom, men vi skal gjere ei vurdering av innhaldet, og tek dette på alvor, seier han.

Kronikk: Cruiseskipene truer miljøet

Fleire undersøkingar

Kommunen går no i gang med fleire undersøkingar.

– Vi har starta eit arbeid med Sjøfartsdirektoratet for å sjå på utslepp frå cruisetrafikken. Vi må også sjå på bussane og andre kjelder, seier ordføraren.

Eitt av prosjekta er altså no på veg ut på anbod, eit utgreiingsprosjekt om låg- og nullutsleppsteknologi i ferjesektoren, støtta av Klima- og miljødepartementet.

Ferje I dag er det eldre ferjer som trafikkerer strekninga Hellesylt-Geiranger. I framtida kan ferje her kome til å gå på straum eller hydrogengass.

I grunngjevinga for heile prosjektet heiter det vidare at den samla belastninga med utslepp er blitt av eit slikt omfang at ein ønsker å sjå på tiltak for å redusere følgjene.

Ordførar Jan Ove Tryggestad strekar under overfor avisa at det ikkje er kvar dag i sesongen at det er helseskadelege verdiar. Dette er også noko som kjem an på vêr og vind.

– Vi skal ikkje skape meir frykt og uro enn nødvendig, men det handlar om verdsarvstatus og sikkerheit, seier ordføraren.

Mai 2015: Norges største flåte av små, rare elektriske køyrety vart introdusert i Geiranger

Bussar

– På land er det vel kanskje lettare å gjere tiltak?

– Ja, vi jobbar med situasjonen rundt parkering i sentrum. Vi vil ikkje at bussar skal bli ståande på tomgang, og vi må sjå på heile trafikkavviklinga. Det er ein diskusjon om framtidas bussar som går på batteri, hydrogen og andre typar drivstoff kan vere aktuelle.