Like sør for Åheim står eit vogntog fast i ein bratt bakke på fylkesveg 620 fredag ettermiddag.

– Det er ikkje sett ut varseltrekant, og vogntoget er vanskeleg å få auge på for dei som kjem ovanfrå, frå Selje, fortel trafikant Ottar Ekremsæter.

– Bilen prøvde å kome opp bakken men segla ned og ut i grøfta, fortel Ekremsæter.

Står fast på fylkesveg 60 ved Hellesylt. Foto: Veronica Hjelseth

I

Leikongbakkane

på fylkesveg 61 skal det vere ein utanlandsk trailer som står fast og er til hinder for annen trafikk, opplyser politiet fredag ettermiddag.

Oppdatering 15.20:

Vogntoget har no fått på kjettingar.

Mellom Hellesylt og Hornindal på fylkesveg 60 står eit vogntog fast fredag ettermiddag.

Tips Sunnmørsposten: 95400400 || tips@smp.no

Kranbil utfor vegen

Også fredag føremiddag var det svært glatt mange stader.

– Over Drageskaret i Sande er det veldig glatt veg, trailarar slit med å kome over. Statens vegvesen er varsla, opplyste politiet på Sunnmøre klokka 10.45.

Ein kranbil hamna i grøfta på dei det kallar gamlevegen på Moltustranda. Kranbilen skulle berge ein annan bil som hadde hamna utfor vegen.

Ved Flatraket i Selje har det vore eit trafikkuhell mellom to vogntog på fylkesveg 618, ingen personskade, opplyste politiet i Sogn og Fjordane fredag føremiddag.

Smp.no har fått meldingar om glatt føre både i Stordal og på Strandafjellet.

Opna Ringsettunnelen/Gravaneset

Ringsettunnelen ned mot ferjekaia på Gravaneset på fylkesveg 650 i Stranda var stengd litt over ein time. Ein semitrailer hadde «saksa» og stengde vegen like ved tunnelen, opplyste politiet klokka 10.16.  Oppdatering klokka 11.29: Vegen er opna.

I Gursken har ein buss velta. – Det var veldig, veldig glatt der, seier ein passerande bilist til smp.no. I ettertid er det strødd på staden.

Bil køyrde utfor og velta på Godøya fredag morgon. Foto: Kristian Stenerud

Godøya

skal det ha gått bra med folka, men bilen dei sat i ligg på taket utfor vegen. I ettertid er det strødd på staden.

Berga vogntog på E136

På E136 i Rauma har ein semitrailer sklidd ut i grøfta ved Flatmark. Trafikken går forbi i eine køyrefeltet. Det er ingen personskade, opplyser politiet i Nordmøre og Romsdal. Oppdatert klokka 10.30: Vegen er open for vanleg ferdsel etter berging av tungbil, opplyser Statens vegvesen.

Også i går torsdag var det mange bilar, både personbilar og vogntog, som hadde store problem på det glatte føret.