Personen har smerter i ryggen, melder politiet måndag ettermiddag klokka 15.48.

Ulykka har skjedd ved Frøystad i Herøy. Politi og helsevesen rykka ut til staden.

Operasjonsleiar Kenneth Sætre seier til smp.no at dei har prioritert å få frakta den skadde ut frå området. Politiet startar no gransking av ulykka.

– Arbeidstilsynet er varsla, seier Sætre.

Alvorleg skadd

Klokka 16.58 opplyser operasjonssentralen at det er gjort undersøkingar på staden. Personen er treft av eit rør som hang frå ein stropp frå ei gravemaskin.

Ulykka skjedde under flytting.

Klokka 17.26 opplyste Helse Møre og Romsdal at ein mann i 60-åra er alvorleg skadd. Tilstanden var ifølgje Ålesund sjukehus då ustabil.

I ei oppdatert melding klokka 18.49 melder Helse Møre og Romsdal at tilstanden er stabil.

  • Har du tips? Kontakt oss på 95400400@smp.no eller ring 95400400.