Ei prosjektgruppe med Trond Bonesmo, Kenneth Brunstad og Kjartan Grebstad i spissen har engasjert Asplan Viak AS til å vurdere saka nærare, skriv Sykkylvsbladet (ikkje på nett).

Tanken er å er å byggje eit badeanlegg på godsterminaltomta i sentrum av Sykkylven.

Arbeidsgruppa ser for seg eit anlegg på 1600–1800 kvadratmeter, med mellom anna eit 25-meters basseng, og elles det som er vanleg å finne i eit badeanlegg, slik som mellom anna barnebasseng, rutsjebane, helsebasseng, motstraumsanlegg, klatrevegg – og serveringsareal.

Pris er vanskeleg å anslå, men ein ser for seg ein stad mellom 137 og 209 millionar.

Trond Bonesmo håpar anlegget står ferdig 2021.