Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann i 60-åra til fem og eit halvt år fengsel. Mannen er busett på søre Sunnmøre.

I fleire år utsette mannen barnebarnet sitt for seksuelle overgrep. Overgrepa skjedde då jenta var på overnattingsbesøk hos besteforeldra, frå ho var sju til ho var fjorten år.

Trur ikkje på bestefaren

Tiltalte har heile tida nekta for skuldingane, men retten har vurdert det samla bevisbildet og kome til at ein heilt og fullt kan sjå vekk frå tiltalte si forklaring.

Retten legg dermed jenta si forklaring til grunn og meiner forklaringa hennar blir styrkt av andre bevis i saka.

Søre Sunnmøre tingrett behandla saka tidlegare i februar.

Svik i omsorgsituasjon

I straffskjerpande retning har retten lagt vekt på at overgrepa representerer eit svik i omsorgsituasjonen frå nærståande. Skjerpande er det også at overgrepa har pågått over lengre tid. Det same er dei ekstraordinære skadeverknadene jenta er påført som følgje av overgrepa.

Men retten har i straffereduserande retning lagt noko vekt på at det tok fem månader frå saka kom inn til tingretten til hovudforhandling vart haldne. Dette skuldast ressurssituasjonen i tingretten.

Mannen er dømd til fem og eit halvt år i fengsel. Dette er seks månader meir enn påstanden frå aktor.

I tillegg til fengselsstraff er bestefaren dømd til å betale over fire millionar kroner i erstatning til barnebarnet. 2,5 millionar kroner av erstatninga gjeld tap i framtidig inntekt. 1,5 millionar kroner gjeld meinerstatning og 175.000 kroner er oppreisingserstatning.