Fjordenes Tidende melder at Vågsøy og Flora er samde om at Florø blir kommunesenteret om nye Kinn kommune blir ein realitet.

Dei to kommunane kom i dag fram til ein intensjonsavtale om å slå seg saman frå 2020.

Florø blir kommunesenteret, men det skal skapast eit kompetansemiljø innan utdanning, næring, IKT, fornybar energi og klima i Måløy.

Ifølgje avisa skal det også vere kommunale servicefunksjonar i Måløy, slik at folk slepp å reise heilt til Florø.