Kvinne mistenkt for ruskøyring

Ei kvinne er mistenkt for køyring i rus etter ei utforkøyring på Ellingsøya torsdag morgon.
Nyheter

Ifølgje politiet har ein personbil køyrt av vegen på Ellingsøya, like før klokka ni torsdag morgon.

Det er ikkje meldt om personskade eller trafikkproblem, men ei kvinne i 30-åra er mistenkt for å ha køyrt bil i rus, melder politiet på Twitter.