I ein invitasjon til media frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vert det gjort klart at tema for pressebriefen torsdag er Stad skipstunnel i NTP. Partia inviterer media til orientering i Selje klokka 13.30. Dei fire partia lovar også ei pressemelding om temaet i forkant av dette møtet.

(saka held fram under biletet)

Både TV2, Aftenposten og Bergens Tidende har dei seinaste dagane hatt saker på at Stad skipstunnel er inne i Nasjonal transportplan. NRK Sogn og Fjordane skreiv seint onsdag kveld at fylkesleiar Vidar Grønnevik i Høgre lovar gledeleg nytt til Sogn og Fjordane i Nasjonal transportplan. KrF-ordførar Stein Robert Osdal i Selje er i samme sak optimistisk med tanke på at skipstunnelen er inne i planen.

Invitasjonen til presseorienteringa torsdag er underteikna av Bjørn Lødemel (H), Elisabeth Røbekk Nørve (H), Lars Svein Drabløs (Frp), Oskar Grimstad (Frp), Sveinung Rotevatn (V), Lena Landsverk (V), Tore Storehaug (KrF) og Jan Helgøy (KrF).