– Branntomta er både til sjenanse og til fare for folk. Så ho må ryddast straks. Det er mellom anna snakk om helsefarleg eternitt som inneheld asbest, og som difor skal behandlast som spesialavfall.

Det seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF), og fortel at kommunen denne veka sender eit nytt pålegg om rydding.

Eigarselskapet

Pålegget blir sendt til selskapet som eig det brannråka hotellet.

Selskapet er ikkje slått konkurs, men Osdal seier at dersom det ikkje har midlar til rydding, kan det i verste fall bety at kommunen sjølv må stå for ryddinga.

– Men det er i så fall ikkje noko kommunen går inn i med lett hjarte, legg Osdal til.

Branntomta er mellombels sikra med eit gjerde som forsikringsselskapet Gjensidige har sett opp.

Men ordføraren strekar under at dette berre er ei mellombels løysing, at tomta ikkje kan stå slik lenge – og at ho må ryddast før sommaren.

– Det er temmeleg mange som no har kontakta kommunen med spørsmål om det ikkje snart skal ryddast opp her. Så vi i kommunen opplever no eit visst press frå lokalbefolkninga, legg Stein Robert Osdal til.

Ingen reaksjon

Han sende også tidlegare i vinter eit brev til hotellselskapet med krav om opprydding, og då med frist til 1. februar. Det skjedde ikkje noko, og kommunen fekk heller ikkje noko svar.

– Heller ikkje frå advokatane deira, seier Osdal.

Advokat Per Kjetil Stautland er forsvarar for ein av dei som er sikta for å ha sett fyr på hotellet.

Stautland seier at han har ikkje sett noko brev frå kommunen, og han synest også det er merkeleg at dei sender brev til ein som sit varetektsfengsla og som ikkje har høve til å rydde noko tomt.

– Eg har dessutan prøvd å forklare kommunen at eg ikkje er advokat for hotellselskapet, men er forsvarar for ein av dei sikta, legg Stautland til.

Stein Robert Osdal er ordførar i Selje kommune. Foto: Terje Engås