Selskapet Seawalk Nordfjord AS har inngått ein avtale om å kjøpe ei flytande cruisekai som skal installerast på Nordfjord i vår. Det går fram av ei pressemelding måndag.

Selskapet Seawalk Nordfjord er eigd av Lefdal Invest, Cruise Ventures og Eid kommune.

Cruisekaia er i dag i Skjolden i Luster, men vil bli slept frå Sognefjorden til Nordfjorden i løpet av mai.

– Dette er ein stor dag, seier John Olav Lefdal i Lefdal Invest når han kunngjer nyheita.

20 skip i sommar

Prosjektet på Nordfjordeid er rekna å koste 30 millionar kroner. Allereie til sommaren har Lefdal håp om 20 cruiseanløp på Nordfjordeid.

Lefdal-familien har lange tradisjonar med cruiseverksemd. Ifølgje John Olav Lefdal er det 25 år sidan far hans, Aslak Lefdal, bygda kaia i Olden.

– Den gong meinte mange at han var spinnande galen, men kaia blei ein kjempesuksess. No gir kaia ringverkander for 100 millionar kroner i året, seier Lefdal.

200 båtar i Nordfjord

Nordfjord Hamn som eig kaia i Olden, ville ikkje gå inn som eigar i cruisekaia på Nordfjordeid, noko Lefdal  beklagar.

Han meiner det er plass til begge, og at det innan få år skal vere like mange skip begge stadane.

– Vi skal ikkje ta båtar frå Olden, men innan fem-seks år skal vi ha 200 båtar i Nordfjorden. Vi skal doble frå 150.000 passasjerar i året til 300.000 passasjerar, seier Lefdal.

Cruisehamna i Olden har i dag 80-90 cruiseanløp årleg.

Ein tanke med cruisekaia på Nordfjordeid er at også kysten av Nordfjord skal få ta del i cruiseveksten og verdiskapinga.

Stor reiselivsutvikling

Eid kommune har gått inn med tre millionar kroner i aksjekapital i prosjektet, og ordførar Alfred Bjørlo er glad for at Eid kommune sitt 10 år gamle vedtak om å legge til rette for cruise-kai på Nordfjordeid no blir realisert.

–Nordfjord er inne i ei fantastisk utvikling som reiselivs-destinasjon, med store attraksjonar som Hoven Loen, Sagastad og Stad Skipstunnel rett rundt hjørnet og Visit Nordfjord som felles destinasjonsselskap, seier Bjørlo og legg til:

–  Ei cruisekai på Nordfjordeid vil gje auka kundegrunnlag og verdiskaping for reiselivet i heile Nordfjord, også destinasjonane i indre og ytre Nordfjord. I tillegg er Nordfjordeid med Eidsgata, Sagastad og rike kulturminne ein attraksjon i seg sjølv.

Skal oppgradere med gjestehamn

Når den 230 meter lange kaia kjem på plass i Nordfjordeid, kan den ta i mot alle cruiseskip som i dag kjem til Vestlandet. Når kaia ikkje er i bruk, kan den trekkast saman til kring ein tredel av lengda.

Seawalken skal plasserast i området ved godsterminalen på Nordfjordeid. Prosjektet inneber også ei oppgradering av området. Blant anna skal det lagast gjestehamn med femten til tjue båtplassar.

– Med Stad skipstunnel kan vi ta imot møringane med store, flotte båtar her, smiler Lefdal og trekkjer fram at det skjer kollosalt mykje på Nordfjordeid for tida.