Her på tiårbildet frå dette fargerike høvet ser vi såleis frå venstre Milad Amiri, Maniza Popal, Hamidulla Amir og Lida Sayed.

Sistnemnde var dette året elev ved skulen. Vi les oss til at Ørsta i 2003 hadde nærare 100 innbyggjarar med afghanske røter.

På same tid var det rundt 3000 afghanarar i landet, så sunnmørskommunen var eit heilt naturleg val for ungdomsgruppa deira då det stunda mot 8. mars-markering. Lida Sayed hadde dessutan selskap av fleire «landsmenn» som elevar.

«Feiringa innebar ein omfattande presentasjon av afghansk kultur og tradisjon, og ein grundig presentasjon av Afghansk Ungdomgruppe som vart skipa i august i fjor», står det å lese.

«Gruppa har tilslutnad frå over 60 ungdommar, som gjer felles sak av å kjempe for demokrati, og spesielt for kvinner

og born sine rettar i heimlandet».

Dei hadde mykje å kjempe for. Hamidulla Amir (25) i styret for gruppa sa det slik:

«For oss er bodskapet bak den internasjonale kvinnedagen svært viktig, difor legg vi såpass mykje i feiringa av dagen».

Under markeringa var ei rekkje norske gjester med på afghansk festmåltid og storstila kulturpresentasjon.

Vi nyttar tiårhøvet til å gratulere alle med kvinnedagen.