– Fagerlia har snudd den negativ trenden som ein såg for nokre år tilbake. Det ser ut til at dei har gjort nokre grep og ein god jobb som gjer at skulen er populær blant elevane, seier seksjonsleiar Geir Løkhaug i Møre og Romsdal fylkeskommune, etter at søkjartala for vidaregåande skule er klare.

Svikt i mediefaget

Ei forklaring er at denne skulen tilbyr medie- og kommunikasjon, eit fag som opplever dramatisk nedgang i søkjartala totalt i fylket. Det same gjer design og handverk.

Tidlegare var det gjerne lange ventelister i mediefaget, men no har 28 elevar søkt til 28 plassar i Ålesund.

I Volda held faget framleis nokolunde stand, med ei lita venteliste.

Også Borgund vidaregåande har langt fleire søkjarar enn plassar: 1124 søkjarar til 876 plassar. Ørsta har 349 søkjarar til 307 plassar. Stranda, Sykkylven og Gjermundnes har derimot nokså stor overkapasitet.

I ei pressemelding frå fylkeskommunen går det fram at idrettsfag og musikkfaga held fram auken frå i fjor. Også naturbruk aukar kraftig.

– Vi ser at i Ålesund er det god søknad til naturbruk, men akvakultur ser ikkje ut for å ha treft ungdommen. Det er fiske og fangst som er populært. Der er det stor oversøking, seier Løkhaug til Sunnmørsposten.

Han trekkjer også fram at idrett er eit populært utdanningsprogram i heile fylket.

Nedgang for yrkesfaga

Service og samferdsel aukar også, medan resten av yrkesfaga har nedgang. Bygg- og anlegg hadde gode søkartal i fjor, men tilbakegang i år. Også elektro har nedgang. Restaurant- og matfag er stabilt, men har færre enn 100 søkjarar.

Og tilbakegangen i søkinga til teknikk og industriell produksjon i fjor, held fram.

Helse- og oppvekst er framleis populært, og er no det yrkesfaget med høgast søking.

3.634 ungdomar har søkt om plass på første året i vidaregåande Dette er 113 færre enn i fjor, noko som skuldast mindre kull og nedgang i talet på elevar som omval. Tilbodet vil bli justert og tilpassa elevane sitt ønske. Målet er at cirka 90 prosent skal få førstevalet sitt.