Politiet på Sunnmøre melde klokka 11.30 om røykutvikling i kjellaren på barneskulen på Vigra.

Ifølgje operatør Rian Morrison på Møre og Romsdal 110-sentral så starta brannen i eit sikringsskap.

- Ein person fekk skade i hånda og køyrd til sjukehus. Eg veit ikkje meir om skadeomfang, seier han.

Den skadde var ikkje elev ved skulen og skaden skjedde i samband med arbeid på staden.

Evakuerte elevar

Røykdykkarar frå Giske brannvesen var inne i skulen og klokka 11.40 kom meldinga frå brannvesenet om at brannen var sløkt og dei byrja med utlufting.

Elever og andre i skulen blei raskt evakuert.

- Evakueringa var i gang då vi fekk første meldinga, seier Morrison.

Klasserom og svømmehall

Rektor Åse Elisabeth Skjærseth ved Vigra skule fortel at tre klassar har klasserom i delen av bygningen som er ramma, det er òg svømmehall her.

- Bygningen blir no lufta og kan sannsynlegvis takast i bruk igjen i løpet av dagen, seier ho.