976 ungdommar har Fagerlia videregående skole i Ålesund som førsteval neste skuleår. I utgangspunktet er det 860 plassar, men rektor Yngve Omenås forsikrar at dei er klar til å ta imot fleire elevar.

– Vi har rom tilgjengeleg, og vi reknar med minimum tre ekstra klasser frå neste år, seier Omenås.

Justerer tilbodet

Fylkeskommunen skal justere tilbodet etter dei innkomne søknadene, og administrasjonen jobbar med å førebu sak om dette.

Seksjonsleiar Geir Løkhaug i Møre og Romsdal fylkeskommune opplyser til Sunnmørsposten at forslaget til justert tilbod vil vere klart i neste veke. Målet er at 90 prosent av elevane skal få gå på den skulen dei ønskjer.

– Vi er fantastisk glade for god søking til skulen. Det er utruleg spennande, og vi gler oss, seier Omenås.

Rektoren reknar med at det ved hans skule blir oppretta to ekstraklassar på studieførebuande og ei i studiespesialisering. Skulen må også auke opp i helsefag.

Rekordmange elevar

I år har Fagerlia rundt 900 elevar, og Omenås reknar med at dei neste skuleår aukar med i alle fall 50. Dette blir rekordmange elevar i nyare tid.

Som Sunnmørsposten skreiv tysdag har skulen snudd ein litt negativ trend og fleire ungdommar søkjer seg no til skulen.

Og rektor meiner fornøgde elevar er dei beste marknadsførarane.

Fleire forhold ligg bak den auka populariteten:

– Det er mange ting, men det går på at vi utviklar skulen både fagleg og sosialt, seier Omenås.

Han trekkjer fram at skulen er tett på elevane, og dei brukar Campus Ålesund aktivt, slik at elevane får lære i praksis. Ein er bevisst på å kople praksis og læring.

– Vi har også eit fantastisk lærarkollegium, som jobbar seg tett innpå elevane. Då kjem trivselen, seier Omenås.

Vidare held han fram mangfaldet på skulen, med både yrkesfag og meir teoretiske linjer.

– Vi har mange typar elevar, og det å oppleve mangfald er ein berikelse, seier Omenås som også held fram at det å finne vener og føle tilhøyrsle er viktig for eigen læringsprosess.