Sunnmøre tingrett har dømt mannen som no er i 40-åra for seksuell omgang med ei jente som den gong var 15 og eit halvt år gammal.

Ho budde på institusjon, og var i ein sårbar situasjon, og retten meiner handlinga til mannen bar preg av utnytting.

Kom i kontakt på Facebook

Mannen og jenta kom i kontakt på Facebook. Ifølgje dommen ønskte jenta å stikke av frå ein institusjon, men tiltalte har forklart at han ikkje kjende til dette.

Første gong dei skulle møtest plukka mannen jenta opp med bil. Etter ei stund stoppa han bilen på ein parkeringsplass. Der hadde han samleie med jenta.

Retten trur ikkje at køyreturen var motivert berre av at han ville vere grei og ønskte å bli betre kjend med jenta.

Dømd for liknande før

Ifølgje dommen var mannen nærare 40 år, og retten finn den store aldersforskjellen straffskjerpande.

Retten meiner han ikkje var nok aktsam i forhold til å finne ut av jenta sin alder.

Mannen er tidlegare domfelt for eit forhold av same art, og sjølv om det ligg nokre år tilbake i tid, finn retten også dette straffskjerpande.

Det er over to år sidan hendinga, og den lange tida som har gått før straffesaka kom opp, er formildande.

Må betale oppreisingserstatning

Sunnmøre tingrett har dømt mannen til fengsel i seks månader, med frådrag for to dagar i varetekt.

Han er også dømt til å betale jenta 70.000 kroner i oppreising og 3.000 kroner i sakskostnader.