Det skriv avisa Synste Møre, som fortel at dette kom opp som eit tema på årsmøtet i Åheim Bygdeutvikling.

Det neste blir no at dei kallar inn til eit folkemøte:

– Der kan alle få møte og seie si meining, fortel styremedlem Lars Tore Bakkebø i Åheim Bygdeutvikling til avisa.

Dei legg til at både meiningsmålingar og resultat av folkerøystinga i Vanylven våren 2016 synte at det på Åheim er betydeleg større interesse for å gå sørover enn i resten av kommunen.

Det skal også vere sterk irritasjon i bygda over fylkesgrensa som dei meiner stengjer for fornuftig samarbeid mellom anna når det gjeld vidaregåande skule.