Vinterstormane har rast frå seg, og laurdag er det dugnad på Runde for å rydde fjøra før fuglane kjem. Oppmøtet er frå klokka 12, og mellom klokka 13 og 17 er det rydding, opplyser Runde Miljøsenter.

Runde er ein av fire stader i landet der «Hold Norge rent» har aksjon for å rydde i fjøra før fuglane kjem.

Fylte sekk etter sekk

Foto: Torill Myren

Barneskuleelevane ved Bergsøy skule tok første etappe fredag. I løpet av føremiddagen rydda dei heile stranda frå Runde Miljøsenter til fyllinga ved Rundebrua. Det er ei strekning på rundt to kilometer.

6. klassingane frå Bergsøy barneskole er inne i ein tovekers prosjektperiode knytt til miljøvern og kunnskap om livet i fjøra og fuglefjellet. Malin Jacob frå «Hold Norge rent» seier ho lar seg imponere over elevane.

– Her har vi møtt barn som kan så masse og fantastiske folk å samarbeide med. Vi håper at det kjem mange, mange og er med på ryddinga. Rydding av fjøra er det viktigaste og den beste måten vi har i dag for å fjerne plast som allereie finst i havet, seier ho.

På verdsbasis døyr minst ein million sjøfugl årleg på grunn av marin forsøpling og problemet trugar også Norges fugleliv, ifølgje Runde Miljøsenter.