Hittil skal det vere rundt 1.400 som har protestert på at Stortinget vil tvinge Haram inn i nye Ålesund.

I Sandøy har eit samrøystes kommunestyre gått inn for å bli ein del av Ålesund. Haram blir dermed «inneklemd».

I går kveld var det rundt 900 underskrifter på nettsida som forlangar nei til tvangssamanslåing av Haram med nye Ålesund.

– Eg anslår at det i tillegg er minst 500 underskrifter på butikkane i Haram, seier Endre Hellandsvik i aksjonskomiteen.

Deltar likevel i forhandlingar

Når styringsgruppa for nye Ålesund kommune møtest måndag klokka 12, er Haram likevel for første gong med.

For tre veker sidan vart det kjend at Stortinget etter alt å dømme vil tvangsinnlemme Haram. Hittil har Haram ikkje møtt opp til forhandlingane med Ålesund, Skodje, Ørskog og Sandøy.

Ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) i Haram. Arkiv

– Det er kommunestyret som må få informasjon først. Torsdag hadde vi kommunestyremøte der vi informerte om at vi vil vere med i styringsgruppa framover, seier Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) til Sunnmørsposten.

– Vi møter med ordførar, rådmann, varaordførar og tre frå formannskapet, seier han.

Samtidig legg ordføraren ikkje skjul på at han har skrive under på protestkampanjen.

– Initiativet kom frå folk utanfor dei politiske miljøa. Det er heilt naturleg som politikar å støtte opp, seier han.

– Ikkje for seint

Initiativet til protestaksjonen kom frå Edel Tolås i Brattvåg.

– Det er mange frustrerte folk som føler at dei er heilt overkøyrd, seier Tolås.

– Haram er ei veldrive kommune på mange måtar. Vi har ikkje eigedomsskatt. Vi har nok sjukeheimsplassar. Vi er ein kommune med stor vekst. Og Ålesund er på Robek, seier Tolås.

Då Haram i fjor vår hadde folkerøysting om kommunereforma, var det rundt 2.150 som anten ville stå åleine eller innlemme Sandøy i Haram. Litt over 500 stemde for samanslåing med Ålesund.

No er det truleg rundt 1.400 som har skrive under på oppropet mot tvang.

– Mange trur det kanskje er for seint, men det er ikkje det. Det er eit val til hausten. Og mykje Høgre-folk har skrive under, ifølgje Tolås.