Prisen vert formelt delt ut på ei tilstelling måndag kveld, men vart markert på ei pressekonferanse i Norhus sine lokale i Hovdebygda på førehand.

–Vil vil gjerne løfte fram bustadbyggjarane.  Og Norhus er ein god representant for klyngja av bustadbyggingselskap i Ørsta/Volda, seier Sigrun Heltne Vartdal, som er Banksjef for bedriftsmarknad i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

- Prisen er ei stor ære ,og viser at vi vert lagt merke til, seier Lauritz Holsvik, som er styreleiar i Norhus Ørsta.

Gründer

Lauritz Holsvik, volding busett i Ørsta,  er ein av to gründerar i den landsdekkjande Norhuskjeda, som også driv kjeda Tyrolerhus.

–I dei 20 åra Norhus har eksistert har vi bygd 2842 bustader, seier dagleg leiar Einar Holsvik.

Ny kjede

Snart kjem ei tredje kjede. Det er Boda, som skal byggje eksklusive einebustader. Men merkevara til Norhus er fleirmannsbustader, med ein særprega arkitektur.

–Design skal være kjennemerket vår. Folk skal kunne kjenne att kvaliteten og designet, seier Lauritz Holsvik.

Næringsprisen går til Norhus Ørsta, der det er 13 tilsette.