Sjå video over: Fleire tusen såg «reguleringsklagen» Ørsta-familien la ut på Youtube i samband med saka

Etter eit framlegg frå Hans Olav Myklebust (Frp) i formannskapet blei bredda på den omtala vegen redusert til fem meter. Dette fekk tilslutning frå kommunestyret med 22 mot ni stemmer, ifølgje Møre-Nytt.

Kommunestyret hadde fått ei tilråding få formannskapet der ein konkluderte med at «ligg føre viktige samfunnsinteresser som gjer det naudsynt å gjennomføre utviding av Ytrehovdevegen med fortau» og at «inngrepet tvillaust er meir til gagn enn skade».

Les protokollen frå formannskapet her (ekstern lenke)

– Overgrep

Frode Weider og familien kjenner eg urettvist behandla i saka og vil no engasjere advokat for å sjå på saka, ifølgje  Møre-Nytt.

– Kommunestyret sitt vedtak er eit overgrep mot oss. Utbyggjaren får ein kjempegevinst, medan vi får oppvasken, seier Weider til avisa.

Familien har mellom anna reagert på at eigendomen deira for kort tid sidan ikkje blei sett av til bustadtomter, etter at fylkesmannen ville at jorda skulle settast av til LFN-område. Dei meiner det er urimeleg at delar av eigendomen no blir nytta til veg til tomter på naboeigedomen.

Sendte «videoklage»

Saka har tidlegare vore omtala i Sunnmørsposten, Møre og Mørenytt, og fleire tusen såg den originale «reguleringsklagen» Frode Weider publiserte på Youtube.

Det gjorde at saka blei utsett i førre runde i formannskapet, slik at politikarane fekk sjå på saka under ei synfaring.