– Verdifulle arbeidsplassar, profilering av Tingvoll og regionen og eit solid økonomisk resultat har imponert juryen, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Til saman kom det inn 38 forslag til den årlege prisen som blir delt ut under fylkestinget i april.

– Tingvollost har gjennom nasjonal og internasjonal merksemd, sett regionen og Norge som osteland på verdskartet. Gjennom dei 14 åra bedrifta har eksistert, har dei vore Tingvoll sitt visittkort mot omverda, seier leiar i regional- og næringsutvalet Runar Vestheim i ein kommentar.

Gårdsmeieriet blei etablert i 2003, og bedrifta starta å delta i ostekonkurransar i 2011.

Tidlegare vinnarar:

2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune

2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune

2013: Rindalslist AS, Rindal kommune

2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune

2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune

2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune

2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

2008: Odim AS, Hareid kommune

2007: Brunvoll AS, Molde kommune

2006: Haugen Bok AS, Volda kommune

2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune

2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune

2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune

2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune

2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune