Dette og anna skal elevar i Giske-skulen få lære meir om på skulen. I fjor starta kommunen opp eit psykisk helseteam for barn og unge i alderen 0–18 år.

Flere barn og unge sliter psykisk: 1.500 unge skal kurses i psykisk helse

Starta psykisk helseteam

Med tilskotsmillionar frå fylkesmannen er det tilsett fagkonsulent, miljøterapeut og psykolog. Desse skal jobbe saman med skulehelsetenesta og andre tenester, lærarar, foreldre og elevar.

Satsar på unge – Giske kommune har ein ung befolkning. Barn og unge satsar vi mykje på, seier teamleiar Greta Giske (f.v.), kommunalsjef Lene Bjørlo Overå og Godøy-rektor Åshild Støbakk.

– Vi merka ein auke innan psykososiale utfordringar hjå barn og unge. Fleire rektorar gav tilbakemelding om at skulane ikkje hadde ressursar og kompetanse til å handtere auken på ein god måte, seier kommunalsjef Lene Bjørlo Overå.

Kommunen mangla eit lågterskel tenestetilbod som kunne hjelpe barn og unge med psykisk helse – og tok tak i det, fortel ho.

No kan foreldre, lærarar, ungdomar og andre ta direkte kontakt med det psykiske helseteamet.

Ved årsskiftet var det 50 aktive brukarar av dette, og nokre på venteliste.

Skuleklassar får kurs

I tillegg vil det bli tilbod om kurs i psykisk helse for alle elevar på 4. og 9. klassetrinn.

– Dette pilotprosjektet skal styrke det førebyggande arbeidet, fortel Greta Giske, teamleiar for det nye helseteamet.

Måten teamet jobbar på er noko heilt nytt i Møre og Romsdal, og truleg også i landet.

– Samfunnet har forandra seg. Å få inn psykisk helse i skulen bør vere like naturleg som at barn og unge lærer om fysisk helse. Det vi no gjer i Giske er heilt i tråd med den nye læreplanen som kjem, seier ho. Støbakk var ein pådrivar for å «tjuvstarte» med psykisk helse på timeplanen i Giske-skulen.

Å meistre livet

– Det handlar om å lære barn og unge å meistre livet og si eiga psykiske helse. Å gje dei motstandskraft til å takle vanlege problem som vanlege barn får, seier Støbakk.

Som til dømes det å føle seg trist og lei seg, utanforskap, å grue seg til noko – eller kjenne på angst og tunge tankar.

– Vi er kjempeglade for at det vert sett fokus på psykisk helse i skulen. Dette er noko vi heiar fram, seier Carina Nyvoll og Siv-Iren Espnes, foreldre med barn i Giske-skulen. Dei ser at dei unge i dag er utsett for mykje meir press og stress enn i tida då dei sjølv vaks opp.

– Å vere ungdom kan vere kjipt av og til, men det er ikkje nødvendigvis ein diagnose på depresjon. Det å vere trist og lei seg er ein del av livet. Då er det bra at dette vert normalisert og at elevane får lære om kva ein kan gjere for å hjelpe seg sjølv og andre, meiner dei.

Ikkje så komplisert

Skilnaden på røde og grøne tankar, er noko av den psykologiske «førstehjelpshanda» elevane får lære om på kurset.

– Eg trur dette prosjektet er veldig lurt, og meir aktuelt enn nokon gong. Det er grunnleggande ting vi lærer, som alle bør få vite om. Og det er ikkje komplisert, seier Linnea Nyvoll (15), som sjølv fekk mykje ut av kurset på tre gonger 1,5 timar.

– Grøne tankar får man av å vere glad og frisk. Og røde kjem når du er sur og trist eller sint. Det med fysisk og psykisk heng saman. For eksempel er det viktig å ete riktig, forklarer Silva Espnes Alnes (8).

Unge om sosiale medier: «Om vi noen gang skrur av mobilen? Nei, aldri!»